onsdag 18. november 2009

10 dagar igjen!!

Vi tell ned... men kva i all Jæren skal vi finne på medan vi ventar på middagen? Eit alternativ finn du under ønskelista

lørdag 3. oktober 2009

ØNSKELISTE

Hei og hå, kjære deg!

Vi er rare. Blant anna er vi opptekne av å leve enkelt. Difor har vi eit høgt ønske om at når vi ser over gåvebordet etter bryllaupet, så ser vi at vi framleis kan leve enkelt med få ting. Det er i tillegg viktig sidan vi enno ikkje har slått oss ned nokon plass og vil ha minst mogleg å drasse på når vi flyttar.

Difor: Viss du vil gi ei gåve, er vi aller mest interessert i at du berre gir oss ein slant pengar. Eventuelt kan du gi noko som står på gåvelista.

VIKTIG:
Bruksanvisning til ønskelista: Viss du til dømes vil gi "grautegryte", skriv K1 grautegryte i kommentarfeltet. Slik ser andre givarar kva andre allereie har kjøpt. Du kan vere anonym. Uansett vil vi (Ane og Anders) ikkje sjekke kommentarane.



ØNSKELISTE

Som omtala vil vi helst ha ein slant pengar. Andre ønske:

PENGAR TIL:

blits til fotokameraet

gore tex allvêrsjakker

bryllaupsreise

klokker

videokamera


KJØKKEN:

K1: Grautgryte
K2: Jerngryte
K3: Jernsteikepanne
K4: Kjøkkenknivar
K5: Digital kjøkkenvekt
K6: Toastjern
K7: Brødrister
K8: Kenwood kjøkkenmaskin

KULTURELT
Gode bøker (skjønn-, historisk og klassisklitteratur)
KU1: Gitar

ELEKTRONISK:
E1: Støvsuger
E2: DAB digitalradio

HUS:
H1, H2, H3: Tre sett sengetøy (dynene våre er 220 cm)
H4, H5, H6: Tre store laken
H7, H8: 2 stk store einsfarga handkle
H9: Enjo vaskemagnetar (sjekk ut enjo.no, trykk på nettbutikk, trykk på universal inne, og sjå nederst på sida)

FRITID:
F1: Buldrematte
F2: Stormkjøkken
F3: Multi-fuel
F4: Telt (3 manns)

GÅVEKORT:
G1: Ekteskapsweekend
G2: Halvt års studentmedlemskap på Tren Volda
På tid og opplevingar med folk
På tjenester

ANNA:
Heimelaga gåver
Miljøvenlege gåver
Sjølvlaga dikt


Bryllaupsbuss

.
Gå ikkje glipp av guida busstur på Jæren! Her kan du bli kjent med viktige serverdigheiter, døde forfattarar og vidstrakte landskap.
Du kan og nytte høve til å ta ein prat med kjekke bryllaupsgjestar før
middagen klokka 16.30. Velkomen!

Berre ein månad att!

Nesten gong månen er like stor som i dag, så skjer det: Etter å ha site på harde kyrkjebenken må du må pine deg gjennom langtekkelege klisjètalar om Anes oppvekst og Anders sin påståtte veloppdragenheit. Lukka er at playboyen Karl Andreas Jahr og huldra Gudrun Folkedal skal lede deg gjennom den eviglange middagen. Dei lovar å sprite opp stemninga med spisse og humørfylte kommentarar.

Toastmasterane Karl Andreas og Gudrun skal gjere festmiddagen leveleg ved å sprøyte injeksjonar av humor mellom dødskjedelege talar. Som det framgår av biletet, er dei ekspertar på grimasar.

- Skal vi ta den om svensken? undrar Karl Andreas.
- He he. Kanskje den om dansken og, seier Gudrun.

Du kan lese meir om kva Karl Andreas driv med her (og klikk deg inn på avisa med "11 millionar utbytte" til overskrift, og bla deg fram til sistesida) og kva Gudrun vasar vekk tida på her.

Bergensbøller søker baluba

Kva får du viss du kryssar bergensarane Jan Eggum og Davy Wathne? Eller Dagfinn Lyngbø og Sissel Kyrkjebø? Sannsynlegvis noko som liknar på tospannet Thomas Anton Sandøy og Dagfinn Vik. Duoen vaks opp saman på Askøy utanfor Bergen. No er dei i ferd med å erobre show-business miljøet i brøle-byen.

Bergensbøllene Dagfinn Vik og Thomas Anton Sandøy. Her på ein teambuildingstur på Hardangervidda i sommar.

Den 28. november vitjar dei Jæren i anledning Ane og Anders sin bryllaupsfest. Der vil dei ta deg i handa og leie deg gjennom kveldens innslag. Alt er spikra, bortsett frå innslaga.

- Vi håpar at mange bidreg, seier Thomas Anton.
- Her er ingen rom for å vere beskjeden, legg Dagfinn til.
Karane understrekar at det er ingen krav til kvalitet, sjølv om dei sjølv vil prestere i toppklasse.
- Kva gjer dei som vil kaste seg utpå?
- Send ein epost til dagfinnvik(at)hotmail.com eller tsandoey(at)hotmail.com, så skriv vi deg opp på vår liste. Vi blir kjempeglade for alle innslag, smiler dei.

Så glad blir Ane..

viss du tek på deg bunad på bryllaupet. Anders blir glad uansett kva du kler deg med. Opphavet til brudeparet proklamerar at dei alle skal bruke nasjonaldrakta:
- Eg har jo fått meg ny, sidan eg ga den gamle slitte til Anders, seier Steinar.
- Men du har vel ikkje blitt for feit for den nye også? seier Synnøve.
- Lurer på om eg skal farge min lilla, seier Greta.
- Prestedrakta mi er vel ein slags bunad? lurer Andreas.

- Men alt er lov. Berre spar miljøet ved å ikkje kjøpe noko nytt, seier brudeparet i kor, som eigentleg hyklar sidan dei sjølv har tenkt å investere i nye plagg.

Så kva vil du dekke kroppen din med? Kjør debatt i kommentarfeltet!

mandag 21. september 2009

tips tips ta tog til (t)festen! :D

billeg og triveleg og avslappande og miljøvenleg. Bestill tidleg, spar peng :)

I dag legger vi ut 50 000 ekstra Miniprisbilletter til kr 199,-Kjøp Minipris herDenne uken legger vi ut 50 000 ekstra billetter til kr 199,- i en begrenset salgs- og reiseperiode. Billettene er spredt på alle NSB Regiontog, men noen avganger kan ha flere billetter til kr 199,- enn andre, og de mest populære avgangene kan bli fort utsolgt. Salgsperiode: 21. - 27. septemberReiseperiode: 12. oktober - 11. desemberMiniprisbilletter må kjøpes minst én dag i forveien og inntil 90 dager før reisedato, enten på nsb.no eller på våre billettautomater. Jo tidligere du er ute, desto større er sjansen for å få tak i billetter til Minipris.Mer informasjon om Minipris finner du her Du kan for eksempel reise for kr 199,- mellom følgende byer og alt mellom: Oslo - Kristiansand Oslo - Stavanger Oslo - Arendal Oslo - Bergen Oslo - Göteborg Oslo - Trondheim Oslo - Røros Trondheim - BodøTakk for at du tenker miljøvennlig!Hilsen NSB