lørdag 3. oktober 2009

Berre ein månad att!

Nesten gong månen er like stor som i dag, så skjer det: Etter å ha site på harde kyrkjebenken må du må pine deg gjennom langtekkelege klisjètalar om Anes oppvekst og Anders sin påståtte veloppdragenheit. Lukka er at playboyen Karl Andreas Jahr og huldra Gudrun Folkedal skal lede deg gjennom den eviglange middagen. Dei lovar å sprite opp stemninga med spisse og humørfylte kommentarar.

Toastmasterane Karl Andreas og Gudrun skal gjere festmiddagen leveleg ved å sprøyte injeksjonar av humor mellom dødskjedelege talar. Som det framgår av biletet, er dei ekspertar på grimasar.

- Skal vi ta den om svensken? undrar Karl Andreas.
- He he. Kanskje den om dansken og, seier Gudrun.

Du kan lese meir om kva Karl Andreas driv med her (og klikk deg inn på avisa med "11 millionar utbytte" til overskrift, og bla deg fram til sistesida) og kva Gudrun vasar vekk tida på her.

3 kommentarer:

  1. Haha. Eg føler forventningane byggjer seg opp her, men dei skal me vel takla, ikkje sant Kalla playboy?

    Forøvrig eit sjarmerande bilete, Anders.

    Eg gler meg til å sprøyta injeksjonar av humor!

    Helsing ho med sjarmerande midtskill på bilete!

    SvarSlett
  2. Skal de gifta dykk? ( til lukka!) kor tid? og gudrun som toastmaster, hahahaahah.

    Den andre tvilingen

    SvarSlett
  3. :) så morsomt.. jepp! me sga gifta oss!! og d skjer om 30 dagar, den 28.november! heiåheiåheiåhå! :D ps Gudrun og Kalla va 1.valg på toastmastere, så dette har eg tro på! :)

    SvarSlett